Det var ikkje bare glutenfrie lefser som vart laga til jul. Me laga faktisk ein del julepresangar sjølv iår, drops, olje, såpe og krydderblandingar. Og laga pepperkakehus og pepperkaker til å pynta med. Det er nesten som eg skulle vorte husmoraktig på mine eldre dagar…
Johan Ludvig sto for dropslaginga.

Johan Ludvig lage drops med appelsinsmak

Drops med appelsinsmak!

Forsøk nummer ein på drops. Brått var sukkeret brent og ikkje smelta...

Skjalg og eg fekk lov å ta melis på dropsa og putta dei i posar.
Eg laga såpe som me gav vekk. Ikkje så fryktelig komplisert å smelta såpemasse og passa på at det ikkje kokar. Til og med Marianne får til slikt.

Såpemassen smeltar i vassbad

Såpeformene er klare (og kan brukast som muffinsformer i tillegg)
Til bursdagen sin fekk Skjalg ein stor Lego-politilastebil av Farmor og Farfar. Lastebilen er faktisk så stor og så omfattande å bygga at Skjalg faktisk brukte fire kveldar på å gjera dette. Men endeleg vart han ferdig!

I barnehagen til Skjalg var det Nissedag før jul. Då samlast dei i høyet på låven, åt graut der og venta. Og venta. For kanskje, kanskje kom Nissen innom ein tur. Uansett, så hadde me ein eigen Nisse på besøk.

I år så laga me pepperkakehus og pepperkake til å pynta med. Skjalg pynta pepperkakene og kommanderte mammaen kor “limen” (royal icing) skulle vera. Pepperkakemannen er forøvirg anatomisk korrekt. Han har hender, pupper, hjarte, magesekk og tiss. Tidleg i desember laga Skjalg snømannfamilie som bur ved pepperkakehuset.

Skjalg bestemme kor Marianne skal ha limen

Pepperkakene tørke før dei blir hengt opp

Pepperkakehuset vårt

Pepperkakemann. Anatomisk korrekt






































