Me er i Bordeaux, Frankrike. På ferie!
Eg har delteke på konferansen Pollutant Responses in Marine Organisms, PRIMO15 i Bordeaux. Til trass for at det er mitt fyrste år som stipendiat, så er det andre gongen eg deltek på PRIMO. Meir imponerande er vel at det er Skjalg sitt andre PRIMO og han er berre 3 og eit halvt år. Konferansen hadde mange spennande føredrag og eg lærte masse. Og vil nok tru at eg har fått nye idéar, må berre fordøya alt fyrst.
Føredraget mitt gjekk sånn passe. Eg var heilt ubeskrivelig nervøs, aldri vore så nervøs før. Grunnen var rett og slett at eg var lite budd. Eg óg Anders (professor) skulle gå gjennom føredraget ein siste gong dagen før eg skulle presentera. Men så vart flyet hans kansellert og han kom ikkje til Bordeaux før ved midnatt. Dagen etter var han travelt oppteken og me fekk fyrst gjort det ein time før eg skulle entre podiet. Så fiksa det som skulle fiksast, leverte frå meg og leste gjennom medan dei andre føredraga var. Og eg som alltid tørrtrene og øve høgt og tar tida så eg veit kor lang tid eg bruke. Men ikkje denne gongen. Heldigvis kan eg stoffet relativt bra uansett då.
Me kom til Bordeaux to dagar før konferansen starta for å ha litt ferie saman fyrst. Sjå oss rundt og slappa litt av. Bordeaux har synt seg å vera veldig barnevenleg. Det er mange leikeplassar, store grøntområder og friareal. Og ikkje minst fontener til å bada i. Fordi me skulle vera her så lenge, og Skjalg treng glutenfri mat, så fann me oss eit leilighetshotell. Appart’Valley ligg sentralt, 3 minutt til trikken og i eit roleg strøk. Midt i blinken når me er her i 10 dagar og det ville vorte ruinerande å basera seg på å innta alle måltida på restaurant/café/bistro…

Klatrestativet på leikeplassen har aldersgrensa 7-14 år. EU-reglar....

Vatnspeilet i Bordeaux er fantastisk å leika i. Og heilt genialt for å kjøla seg ned når det er varmt

Når beina er så slitne, så slitne og det i tillegg er varmt, då er det godt å ha ein papparygg og kvila på
Siste kvelden av konferansen er det felles middag. I år var denne sjølvsagt på eit vinslott; Château Malleret. Heilt ok, men eg var faktisk ikkje overbegeistra verken over vinen eller maten me fekk. And (som ikkje er min favoritt) som var seig og litt ihjelkokte grønsaker. Trur kanskje ikkje kjøkenet var i stand til å servera så mange hundre gjester på ein gong. Skjalg var sjølvsagt med, akkurat som han var i Brasil, men det synte seg at organisatorane ikkje var heilt begeistra for å ha med ein treåring. Skjalg er jo ei festløve og storkoste seg. Når mauren i rompa blei litt for framtredande, så var det bare å ta turen ut for å springa litt.

Medan me voksne var oppteken med vinsmaking, så fekk Skjalg juice.

HESTAR! Skjalg blei kjempeglad for å sjå at dei hadde hestar på slottet. Og ikkje minst fekk han kosa med dei. Eg var litt meir "okei, så er det hestar her...."

Den gamle stallen? Resten av slottet var i mykje betre stand

Skjalg har pynta seg og er klar for festmiddag

Bare sånn i tilfelle nokon lure, så finst det makkar i Frankrike.

Frå slottshagen. Han var stor og me fekk sett alt for lite

Klokka 23.34 måtte festløva gje tapt. Då ville han opp på pappafanget og kose og redninga blei nok ein gong Ergoen vår. Han sov til me var nesten heime på hotellet.
Barnevenleg
Som eg skreiv lengre oppe så er Bordeaux barnevenleg. Det er berre tre minutt å gå frå hotellet til den næraste leikeplassen like ved elva La Garonne. Skjalg og Johan Ludvig var her fleire gonger om dagen medan eg var på konferansen.

Skjalg storkose seg på dissa. Ekstra fint å ha med pappa som kan gje fart

Det gjekk litt fort rundt på karusellen. Mamma blei kvalm og måtte gå av

Skjalg klatre til toppen i klatrestativet. Me er uansvarlege foreldre som ikkje bryr oss om aldersgrensa på 7-14 år

Skulle trudd Skjalg fekk noko som var skikkelig vondt å eta, men han "smile" til kamera

Det har vore vanskeleg å finna glutenfri mat i Bordeaux. Men det gjer ingenting når ein kan kjøpa verdas beste sorbet!

Ein gamal karusell i sentrum av Bordeaux

Eit trekanthus i Bordeaux

Tilbake på hotellet er det jammen meg godt å kunna slappa av i hengekøya. Eit beresjal knytta i trappa opp til hemsen