Føremålet mitt med å vera i Moskva er å forska. Doktorgradsarbeidet mitt er ei vidareføring av det eg gjorde i mastergrada mi og eg leite etter endringar på proteinnivå i torsk som har vorte utsett for forureining. Russian Academy of Medical Sciences har ei enorm mengd instrument og utføre analysar me ikkje gjere i Bergen, og prøvane mine skulle analyserast her. Før eg reiste til Moskva førebudde eg ei rekke proteinprøvar frå ulikt vev i torsken; gjeller, lever og plasma. Planen deretter var å undersøkje kva protein som fantes i dei ulike veva for deretter og finna forskjellar mellom fisk som var utsett for forureining og referansefiskar, såkalla “reine” fiskar.
Eg hadde ikkje så lyst å ha med alle prøvane i bagasjen då eg skulle reisa. Såg for meg at eg vart stoppa i tollen og ville då få eit forklaringsproblem med kva som var i alle eppendorfrøyra. Mange små røyr med litt kvitt pulver i botn… Så eg sendte prøvane med DHL og rekna med at alt var som det skulle vera. Men der tok eg feil gitt.
Det synte seg at prøvane ikkje var utlevert då dei skulle. Eg ringde DHL og fekk beskjed om at problemet var på mottakar si side og dei måtte skaffa rette papira. Eg gav Victor (samarbeidspartnar) melding om dette og rekna saka som løyst. Og nok ein gong tok eg feil.
Eg kom til Moskva medan prøvane framleis var i tollen. Prøvane mine var karakterisert som fisk fordi dei inneheldt fiskeprotein, og fisk er ikkje lov å importera til Russland utan vidare. Så eg ringde MBI og fekk eit offisielt brev som skildra innhaldet av prøvane, nemleg den prosentvise kjemiske samansetjinga av proteina med karbon, nitrogen, oksygen og hydrogen. Med stempel og underskrift vart dette så sendt til tollen. Tollen på si side svare med å setja pakken min i karantene.
Så skriv Victor eit brev på russisk som vert stempla og underskrive av sjefen hans på Russian Academy of Medical Sciences. Tollen er heller ikkje nøgd med dette.
Deretter ringe Victor til tollen for å sei at det må følgja eit offisielt brev (på engelsk) med prøvane min når dei vert retunert. Returen må dokumenterast fordi dette vil vanskeleggjera vidare forskingssamarbeid mellom Noreg og Russland. No byrje tolloffiseren å få kalde føter og opne opp for forhandlingar. Dersom eg klare å framskaffa eit “International Veterinary Certificate” så vil dette bli gjeve til det russiske landbruksdepartementet som igjen skrive ein russisk veterinærattest og prøvane kan deretter frigjevast.
Full av pågangsmot så starte eg ringerunden. Fyrst Mattilsynet sitt hovudkontor kor eg vert sett over til folk som ikkje er på kontoret sitt. Deretter prøve eg ansvarshavande veterinær på Universitetet. Ho kan diverre ikkje hjelpa men fortel at Mattilsynet er uansett rette myndighet for dette. Prøve nok ein gong hovudkontoret og blir til slutt sett over til ei veldig hyggelig og hjelpsom dame. Ho er absolutt ikkje rette personen, men skaffe nummer og namn til sjefen på Seksjon for import/eksport av fisk og sjømat. Ringe han, men han er ikkje på kontoret heller.
Fortvilelsen kjem snikande og eg ringe rettleiaren min, som har ferie, og oppdatere. Lure på om han kjenne nokon i Mattilsynet eller om det er andre som kanskje kan hjelpa. Etter ei stund ringe han tilbake med ein mogleg kandidat. Eg ringe han og me vert einige om at eg skal prøva Mattilsynet fyrst og deretter kontakta han att. No er det på tide å gå heim frå jobb altså.
Ny dag og nye telefonar.
Ringe Mattilsynet og får tak i seksjonsjefen. Han var hyggelig og hjelpsom og me fekk ein god prat. Han hadde aldri høyrt om International Veterinary Certificate og sa livet ville vore fantastisk enkelt dersom det var eit slikt felles skjema som alle veterinærmyndigheter i heile verda nytta. Han lurte fyrst og fremst på om det var tollen eller veterinærmyndigheten som heldt tilbake prøvane mine for det var kun veterinærmyndigheter som hadde lov til det. Og eg kunne fortelja at det var tollen som sat ein stoppar for prøvane mine. Han kunne nok alltids hjelpa meg og skriva eit offisielt brev men då måtte han vita kva som skulle stå i det. I tillegg var han litt uroa for at dersom han skreiv noko slikt for meg, så ville det skape presedens for seinare sendingar av biologisk materiale til forkning. Enden på visa vart at me vart einige om at han ikkje skulle skriva noko brev for meg. Derimot hadde han to forslag til moglege løysingar.
- Eg kunne forlanga at tollvesenet skulle koma med ein mal til International Veterinary Certificate, dersom dei skulle ha eit slikt skjema så måtte dei óg kunna syna kva som skulle med i det. Seksjonssjefen trudde dei ikkje ville klara dette ettersom det mest sannsynleg var ein tolloffiser som var ute etter å tena litt pengar på si.
- Eg kunne kontakta den norske ambassaden i Moskva og høyra om dei hadde kapasietet til å hjelpa meg.
På dette tidspunktet sende eg ein SMS til rettleiaren min for å oppdatera han på situasjonen.
Det går ei lita stund, kanskje så mykje som ein time, før telefonen min ringe. Då er det frå den norske ambassaden i Moskva. Dei har vore borte i dette problemet før og fortel meg kva eg må gjera. Det er mottakar sitt ansvar å framskaffa papira som trengst. Det må skrivast eit brev som inneheld opplysningar om prøvane, om føremålet med innføringa til Russland, om samarbeidspartnarar og om prosjektet. Dette må underskrivast på høgare hald og prøvane skal då frigjevast. Eg lurte på om RAMS var høgt nok og det var det. Då eg fortalte at det allereie var sendt eit brev frå RAMS og tollvesenet ikkje godtok dette, så konkluderte politiattachéen at det nok var ein tollar som ville tena pengar på si.
Så då gjekk prøvane i retur til Bergen.
Tusen, tusen takk til alle som hjalp meg i samband med å få dei frigjeve frå tulle-tollen. Eg er utruleg takknemleg for alt dåke gjorde for at eg skulle få gjort analysane mine.